Kven var den russiske admiralen Cornelius Cruys?

Sendt inn av Svein Berge

(med 25 kjeldetilvisninger)
’Torgrim Titlestad, 15.6.96
Kilde: P2-Akademiet I © Kulturredaksjonen P2, 1997

I oktober 1996 er det 300 år sidan tsar Peter den store grunnla den russiske flåten.
Historikarane ser på bygginga av den russiske marinen som føresetnaden for at
Russland heva seg opp til ei varig stormakt på europeisk nivå. Tsaren skapte til og
med eit symbol på dette storverket sitt ved at han og sette i gang bygginga av byen
St. Petersburg – som skulle vera Russlands vindauga mot vest Det er ei av de store
bragdene i historia at Russland på vel 15 år frå nesten ingenting greidde å skapa seg
en krigsflåte med internasjonal slagkraft. Til mer oppsiktsvekkjande blir det, då
Russland var ei landmakt der den overvegande delen av befolkninga knapt nok såg
havet nokon gong. Frå vår eiga norske historie veit vi at det tek generasjonar og
utvikla ein sjømannstand som har sjømannskunsten «i blodet», endå nordmenn flest
har hatt havet i synsranda.

Kven skapte flåten?
Les vi om Peter den store og Russland på denne tida, slår det oss at han omgav seg
med utanlandske medarbeidarar. Dei var så mange i tal, og fleire av dei hadde så
stor innverknad i russiske affærar, at dei gamle russiske maktelitane raste mot det
dei såg som framandvelde. Men Peter forsto at det var bruk for utanlandsk
kunnskap og ferdigheter for å modernisera Russland. Mange av medarbeidarane
hans er nemnde ved namn, og ein av dei heitte Cornelius Cruys. Den franske
historikaren Henri Troyat seier at Cruys var «den utmärkte båtsmannen . . . som
skulle sluta som admiral».1 Andre forfattarar skriv at han var hollendar2, mens
andre igjen påstår han var dansk. Somme tider opplyser bøkene at han var
hollandsk skipsspesialist og kartteiknar.3 Vi forstår at Cruys ikkje var uviktig for
flåtebygginga i Russland, men han blir vanlegvis ikkje omfatta med noka særleg
interesse i vest-europeiske verk.

Kven var Cornelius Cruys?
Denne Cruys – som stadig dukkar opp i eit par liner her og der – kven var han – og
kva rolle spela han for skapinga av den russiske flåten? Kan vi eigenleg tilleggja
han noka historisk betydning utover at han var eit av dei mange tannhjula i det
russiske marineapparatet? Og gjenoppdaga ein slik menneskelagnad kan av og til
vera som og leita etter nåla i høystakken, særleg om ein ikkje kan russisk og ikkje
har tilgjenge til russiske kjelder. Men det er ikkje så dårleg hjelp i ganske
alminnelege norske og danske leksika: her står det på nokre få liner at han var fødd
i 1657 og døydde i 1727 – som russisk admiral. Fødestaden hans var Stavanger i
Norge, og døypenamnet var Niels Olsen. Nokre litteraturreferansar finst, og neste
steget er å sjå at han var omfatta med ei viss interesse på slutten av førre
hundreåret. Då pågjekk avklaringa av nasjonaliteten hans. Hollendarane måtte bita i
graset for sine påstandar om at han var hollandsk. Den norske historikaren Ludvig
Daae påsto dessutan at Cruys spela ei viktig rolle for etableringa av den russiske
flåten.4 Lenge fanst det berre slengartiklar om han – artiklar som ikkje bygde på
forskning, men på den vesle historietradisjonen som var drøvtygd frå før.
I 1949 gav Eiliv Odde Hauge ut ein roman om han – «Admiral av det blå flagg». På
1970-talet prøvde den norsktsjekkiske forfattaren Ladislav Reznicek fåfengt å få ut
ei bok om Cruys – bygd på eiga forskning. Interessa for Cornelius Cruys såg ut til å
vera over – han var på veg inn i gløymeboka. Først etter vi tok opp att Cruys-
arbeidet i Stavanger, makta vi publisera boka til Reznicek i 1995 – «Sjøormens
vei».5

Russarane og Cruys
Sjølv har eg interessert meg for Cruys sidan eg som 11-åring las ei barnebok om
han.6 Då eg på 1990-talet fekk mykje med Russland å gjera, nemnde eg ofte Cruys
for dei russiske kontaktane mine. Det undra meg at mange av dei ikkje hadde høyrt
om Cruys. Ved hjelp av russiske venner fekk eg tak i og omsett kortare bokomtalar
om han i ulike russiske verk frå tsar- og sovjettida. Då steig eit nytt bilete fram av
Cruys: som nær venn av tsaren – som hovudansvarleg for bygginga av den russiske
flåten. I nokre artiklar hylla russiske forfattarar han for ærlegdom, avdi han gjekk
rakt på sak og for raseri over latskap og korrupsjon. Sjølv tsaren tykte «rettferda»
hans var i største laget, og undra seg over djervskapen hans. Som B. Sjeremetjev
skriv om Cruys: «Han hata tjuvar . . . arbeidsskye og snobbar av høg byrd . . . »7
Fleire stader sto det at han hadde som vane å seia folk det han meinte beint i åsynet
på dei, slik at talet på uvennene hans stadig steig.8 Det slo meg at desse russiske
skriftene hadde foreviga Cruys som ein engasjert og sympatisk personlegdom – eit
førebilete på det menneske som ryddar opp i rot og dugløyse, dvs. ein
mennesketype Russland trong og treng for å koma ut av bakevja si. Dette biletet av
Cruys fanst det berre bitar av i vestlege verk eller – som i Norge – han var nesten
gløymd ut. Når ein står framfor slike fenomen, spør ein seg sjølv om kva som er
fakta og myte. Det første spørsmålet ein står framfor er å finna sikre kjelder til å
kaste lys over personen. Det var inga enkel sak, då det av så vel russisk som vestleg
litteratur var tydeleg at det var eit lite knippe med personorienterte anekdotar som
gjekk att. Det finst knapt referansar som hjelper oss til å plassera Cruys på den
formelle rangstigen i det russiske statsapparatet. (Cruys er t.d. ikkje omtala i
Stephen J. Lee sitt vesle standardverk om Peter.9 Det var og merkeleg at det
eksisterte så lite kjeldereferansar om han.)

Faktagrunnlag for å få vita noko om Cruys?
For å klare opp denne saka sette underskrivne saman ei prosjektgruppe om Cruys:
både for å finne kjeldene om Cruys og for å søkja russiske og hollandske
historikarar som visste noko om han. Ein norsk hovudfagsstudent, Roy L. Aase,
sette seg føre å skriva det første vitskaplege verket om han, som blir publisert i
november 1997. I desember 1994 baud høvet seg til å koma inn i dei russiske
arkiva i St. Petersburg der det finst originalkjelder om Cruys. Det vart ei
overveldande oppleving. Ved det statlege russiske marinearkivet i St. Petersburg
finst det såkalla kabinettet til admiral Cornelius Cruys: 73 saksmapper med over 12
000 ark.10Eit par russiske historikarar i St. Petersburg har alt i nokre år arbeidd med
å lokalisera materiale om Cruys – eit ukjent materiale for oss nordmenn. Det dei
fortalde om arbeidet sitt var òg fascinerande: inntil Gorbatsjovs perestrojka var det
ikkje lov å granske dei 300 år gamle doku- menta til Cruys. Så seint som i 1990 var
eit fjernsynspr gram om Cruys stogga, avdi han var utlending . . 11 På denne
bakgrunnen forstår ein kvifor det i tre hundre år har vore skrive så lite om Cruys.
Arkivet hans har vore stengt – i samsvar med den gamle hemmeleghaldingskulturen
i Russland. Dei som har funne opplysningar om han, har fått dei i det som dei
russiske styresmaktene opna for innsyn vedrørande Peter den store. I det materialet
var Cruys ein av mange, mange andre personar. Først no – meir enn 300 hundre år
etter at Cruys vart fødd, kan altså den verkelege forskninga om han ta til. Den kjem
til å omfatte eit fleirnasjonalt forskarteam: russarar og nordmenn, men òg
hollendarar. Det viser seg at fleire hollandske forskarar er opptekne av denne
spesielle personen. Snart kjem det ut ei hollandsk-russisk samling av dokumenta
hans frå eit Moskva-arkiv. Det er den hollandske historikaren Hans van
Koningsbrugge ved Universitetet i Groningen som står for dette arbeidet.
Konturane av mannen Cornelius Cruys tek til å avteikna seg. Vi blir klare over at
han ikkje kunne få sin rettkomne plass i historia før 1990-talet, fordi
kjeldematerialet hans ikkje var tilgjengeleg. Vi står samstundes framfor
omveltningar i oppfatninga av kven som var dei personlege drivkreftene i Peters
omskaping av Russland.

Omfanget på flåteoppbygginga i Russland
Vi kan ikkje isolera oppbygginga av den russiske marinen til å vera ei rein militær
sak. Den var kanskje i første rekkje eit stort økonomisk tiltak: det måtte skaffast
kapital og ressursar til å byggja flåten. Det måtte etablerast infrastrukturar der
russarane sette opp skipsverft, dvs. bustader, handel, vareleveransar etc. I stor grad
måtte russarane skaffa seg utstyr frå Vesten – noko som stimulerte internasjonal
skipsfart og økonomi. Sist, men ikkje minst, nokon måtte koordinera alle desse
verksemdene samstundes som det vart halde eit kvasst blikk på kvaliteten i
skipsbygginga og opptreninga av eit heilt nytt offiserskorps og nye skipsmannskap.
Kjeldematerialet let oss forstå at det var Cornelius Cruys som fekk denne
nykkelrolla. Vi kan spørja oss kvifor Peter plukka ut nett denne nordmannen til
oppgåva?

Forhistoria til Cruys
Det umiddelbare utgangspunktet var posisjonen Cruys hadde i Holland – det at han
stelte med vedlikehald og utrustning av hollandske skip, ein av dei mest
betydningsfulle skipsflåtane i verda på dette tidspunktet. Cruys hadde ry som ein
kvalitetsperson. I tillegg hadde han, då Peter møtte han – i ein alder av vel førti år –
ei enorm røynsle frå internasjonal skipsfart i tida. Cruys hadde ikkje berre stige i
gradane frå dekksgut til skipskaptein i Holland. Han hadde, som han sjølv skreiv i
eit brev – tent seks kongar og tre republikkar.12 I eit brev til Peter den store nemner
han teneste i Frankrike, Danmark, Italia og Holland.13 Han skal og ha arbeidd i
Spania. Han ferdast ikkje berre langs europeiske kystar. 1 1688 var han i asiatiske
farvatn og dreiv med å heve verdigjenstandar frå forliste skip. Når historikarar
påstår at det var om lag halvparten av sjøfolka i Ost-Indiafarten14 som døydde under
tokta, forstår vi at Cruys fiadde jernhelse. I tillegg skal han ha vore ein kjempekar –
bortimot 1,90 m. Cruys var dessutan kjend for bråsinnet sitt. Om han kjende seg
krenka, utfordra han til duell eller tok straks eit oppgjer på tørre nevane.15

Peter satsar på Cruys
Peter den store hadde nok ikkje vanskeleg for å skjøna at han sto framfor ein både
gløgg, tiltaksrik og røynd sjøoffiser. Det var og ein person med eit stort kontaktnett
og innsikt i internasjonal sjøfart og diplomati. Han var ein perfekt person for
ambisjonane til Peter. I tillegg kom at Peter på kort tid hadde mist to av dei beste
rådgjevarane sine, John Patrick Gordon (1635-99) frå Skotland og Francois J.
Lefort (1656-99) frå Sveits, den første general, den andre admiral. Dei hadde òg
fungert i ei slags farsrolle for den langt yngre Peter, fødd i 1672, d. 1725. Cruys
steig inn i tomromet etter dei to nære vennene til Peter, og vi har kjelder som fortel
at Peter omtala Cruys som «far», og gav han farens plass ved bryllupet sitt med
Katarina i 1712. Cruys og kona hans var trulovarar for tsaren og Katarina.16 På
denne måten fekk Cruys ei stilling nærare tsaren enn det som elles hadde vore
mogleg, då han kom til Russland i 1698, nett før dei to døydde. Dermed blir det
sannsynleg, som det vart hevda ved marinearkivet i St. Petersburg – at når dei to
førstepersonane i Russland på 1700-talet var ute av St. Petersburg, tsar Peter og
fyrst Alexander D. Mensjikov, var det Cruys som styrte det russiske riket . . .
Forholdet mellom Peter og Cruys var likevel ikkje enkelt. Peter var eineherskaren
alle skulle kasta seg på kne for – og hadde eit hemningslaust sinne. På grunn av
mykje svik og korrupsjon mistenkte han alle for å ville lura han. Cruys råka òg ille
ut. Tsaren stilte han for retten, og skulda han for at eit av tsarens beste skip sokk.
Cruys forsvara seg djervt, men fekk dødsdom. Domen vart omgjort til forvisning –
men etter eit halvt år kalla tsaren han tilbake. Peter kunne ikkje greia seg utan den
driftige nordmannen. Gjensynet mellom dei to er skildra i ei rekkje bøker, og
avslører ein kulturkollisjon.17 Då Cruys kom tilbake til St. Petersburg den 24.
februar 1715, gjekk tsaren heim til han – noko som var uvanleg for tsaren –
omfamna han og sa: «Eg er ikkje sint på deg lenger. Cruys mælte stutt: «ikkje eg
heller . . .»

Dei norske kulturelle verdiane til Cruys
Den russiske forskaren Tamara Mazur legg merke til det ho kallar «admiralens
stolte svar» til tsaren, noko eg vil kalla refleksar av dei norske kulturelle verdiane
til Cruys. Han var oppvaksen i ein ikkje-føydal kultur, dvs. i den norske
hamnebyen Stavanger frå ca. 1655 til ca. 1668. 1 dette tidsromet var han i ein alder
der han fekk inn dei grunnleggjande haldningane når det galdt sed og skikk. Det
ikkjeføydale elementet – i motsetnad til det føydale som elles rådde i Europa og
endå sterkare i Russland – gjekk ut på at han var ein fri og uavhengig borgar.
Samstundes hadde han nok fått med seg nokre av historietradisjonane i Norge på
den tid. Kongesogene til Snorre Sturlasson var gjevne ut att eit par ti-år før han var
fødd, og Stavangerområdet var fullt av sagaminne. Eit av dei mest synlege var den
såkalla Erlingskrossen, ein 4 meter høg runestein som sto eit par hundre meter frå
Domkyrkja, knapt ein km frå heimen til Cornelius. Den ruvde i landskapet som eit
minne om vikinghovdingen Erling Skjalgsson – og måtte utfordra fantasien til ein
unggut som Cornelius. Foreldra til Cornelius var heller ikkje
gjennomsnittsmenneske. Det finst rettsprotokollar som viser at familien var
involvert i ein klassisk norsk nabostrid om eigedomsgrenser. Unge Cornelius fekk
røyna at rettsapparatet fungerte til fordel for vanlege folk: faren vann saka – i strid
med ynska til dei som var mektigare enn han i byen.18 I omtale av mor hans, heiter
det at ho var stridbar og ikkje skoren for tungebandet. Ho og var innblanda i
rettsaka. Eg har høyrt somme seia at ho var ei kranglevoren kvinne. Vi kan gjerne
snu på flisa: ho var truleg ei uvanleg evnerik dame som ikkje fekk bruka evnene
sine fullt ut i det mannsdominerte samfunnet på den tida.
Det fell rimeleg å tru at Cruys hadde den første tida si til sjøs på skip med mange
norske sjøfolk. Norske sjøfolk var den gong – som seinare – ettertrakta av
utanlandske reiarar. Difor kan vi nokså sikkert seia at sjølv om han drog ut i ung
alder, forblei grunnverdiane hans av norsk karakter. Han var fri og stolt – og ikkje
kuvd av tradisjonar som sa at han var undersått av ein eller annan føydalherre i
Danmark, Tyskland, England, Frankrike – eller Russland. Retten var på hans side,
ikkje i lommene på ein føydalherre, slik det elles var i den føydale delen av Europa.
Med slike kulturelle føringar kunne han lettare utfalda dei medfødde evnene sine,
som han tydelegvis hadde flust av. Det viser posisjonen han bygde opp i Holland.
Og det var desse evnene Peter den store skjøna han kunne dra nytte av. Omtalen av
Cruys i Russland viser at han var ein sjølvbyrg person – for å benytte eit ord frå
sagatradisjonen. Fleire episodar viser korleis han sette seg ut over russisk og
utanlandsk skikk og tala sine overordna midt imot, same kva nasjon dei høyrde til.
Russarane synest å ha elska han for den måten han t.d. valsa opp med innleigde
vesteuropeiske offiserar som drakk vel mykje: som den svære kar han var, slo
Cruys kloa i dei. Dei late kunne han lempa opp og trilla dei eigenhendig overbord .

Den mangfaldige personlegdomen til Cruys
Men Cruys var ikkje berre sjøoffiser av høg rang og krigsmann. Han interesserte
seg for industrireising, arkitektur og religion. Han fekk alt på 1700-talet æra for å
ha oppretta den første evangelisk-lutherske menighet i Russland, med velsigning
frå den gresk-ortodokse tsaren. I førsten samla han trusfellene sine til andakt i
palasset sitt, og tok så initiativet til å reisa den første evangelisk-lutherske kyrkja i
Russland. Dessutan grunnla han den første protestantiske skulen i Russland, den
såkalla Petrischule, som framleis finst: den vart etterkvart ein utklekkingsanstalt for
tyskspråklege russarar som fekk toppstillingar i Russland.20 Alle kunstinteresserte
utlendingar ser med beundring på den vakre arkitekturen i St. Petersburg. Russiske
guidar fortel at den gamle russiske hovudstadens fremste arkitekt var den vidkjende
italienaren Domeniko Trezini. Det er kjent at Trezini vart så deprimert over det som
skjedde då St. Petersburg vart bygd, bl.a. strauk det med bortimot 100 000
tvansgutskrivne arbeidsfolk21, at han ville forlata byen. Det knapt noen har visst til
no, er at det var Cruys som overtalte han til å bli.22 Sjølv om Cruys ikkje er nemnd i
vestlege verk om St. Petersburg, spela han bl.a. på denne måten ei viktig rolle for at
byen fekk den vakre utforminga som den framleis er kjend for.

Totalvurdering av Cruys
Det er altså grunn til å sjå på Cornelius Cruys med heilt nye augo. Det han vil bli
hugsa mest for, er det vi kan kalla det koordinerande talentet hans: ut frå
hovudoppgåva å reisa ein russisk marine, sette han i verk ei rekkje andre
verksemder for å fremja hovudføremålet. Som den russiske 1700-talsspesialisten
Vadim V. Roginskij ved Instituttet for verdshistorie i Moskva skriv om Cruys:23
«Han var uten tvil den fremste av utlendingene i marinen, og man kan ofte få
inntrykk av russisk litteratur at han var en tredjerangs person i makthierarkiet til
Peter. Det er en misforståelse av hans reelle stilling, da byggingen av flåten var
krumtappen i Russlands utvikling på den tiden. Da Peter åpent erklærte at han
betraktet ham som sin «far» eller «bestefar», tyder det på at Cruys har spilt en enda
viktigere rolle enn vi hittil har trodd. Grunnet manglende vitenskapelig forskning
av alle de kilder som fins, har denne misoppfatning kunnet oppstå . . .»
Cruys hadde ikkje eit lett liv. Han møtte veggen gong på gong i kamp med det
korrupte og late russiske byråkratiet -og til tider hadde han tsaren imot seg.
Dugleiken hans og evna til å få det uvanlege til, skapte dessutan stor misunning hos
dei utanlandske kollegaene hans og. Då Cruys var i sekstiårsalderen, hadde den
tidlegare så sterke og dynamiske mannen fått ei så svekka helse at han søkte om å
få gå av. Truleg var ei hovudårsak av psykosomatisk karakter: han tok kamp kvar
gong nokon utfordra det han meinte var rett og rimeleg. Fordi Peter hadde så bruk
for han i første fasen på Russlands veg mot vest, inntil flåten var sett flott, ca. 1715,
hadde han fått ganske fritt armslag. Då Russland tok til å haøste der Cruys hadde
sådd, hadde negeren gjort sin jobb . . . Det skulle byggjast flotte formelle strukturar
og reglement. Cruys protesterte, fordi dei la band på det han meinte var nødvendige
initiativ som ikkje kunne fylgja seine og buktalende byråkratiske saksgangar. Men
tida hans var ute. Timen var inne for dei perfekte, profesjonelle
skrivebordsfunksjonærane – som passivt avventa direktiv – mens dei i korridorane
aktivt fremja sine personlege økonomiske interesser . . .
Russland hadde nok fått ein mektig marine utan Cornelius Cruys, men neppe så
snøgt og i Peters levetid. Kombinasjonen av evnene og innsatsen til desse to
enkeltpersonane utgjorde ein sentral føresetnad for at Russland kom inn i ein
normaliseringsprosess til dei andre europeiske nasjonane.
Konklusjon – Cornelius Cruys i norsk samanheng
Det er på tide at Cruys får sin rettkomne plass i norsk historie. Til no har han kome
heilt i skuggen av den yngre Peter Wessel Tordenskjold.24 Tordenskjold kjem for
alltid til å ha en plass i den norske folkesjelen. Men Cruys hadde uten tvil ett større
og internasjonalt vingespenn. På 1600talet var det to nordmenn som var kjente ute i
Europa: dikteren og historikeren fra Bergen, Ludvig Holberg – og sjømannen og
multitalentet Cornelius Cruys frå Stavanger. Holberg framheva i Danmarks Riges
Historie rolla til Cruys i Russland: «Jeg finder intet Land i Historien, der har bragt
tilveie saa mange og habile Admiraler . . . Den bekjendte Russiske Admiral Creutz
er iligemaade en Nordmand».25

Kjeldetilvisningar
1. Henri Troyat, Peter den store, svensk utgåve, Stockholm 1995: 102.
2. Robert K. Massie (svensk utgåve:), Peter den stora – Hans liv och vårld, Stockholm 1986:
581. På s. 209 nemner han rett nok at Cruys var «fodd i Norge av holländska foräldrar».
3. Edwin O. Okhuizen, The Dutch Contribution to the Carthography of Russia during the 16th
– 18th Centuries, Russians and Dutchmen, J. Braat (red.), Groningen 1993: 106-07.
4. Ludvig Daae (1834-1910), Nordmænd og danske i Rusland i det attende aarhundrede,
Historisk Tidsskrift, annen rekke, fjerde bind, Kristiania 1884.
5. Ladislav Reznicek, Sjøormens vei, Eivind A. Stavanger 1995. Føreord ved T. Titlestad.
6. Jan Ronold, Cornelius Cruys – småbygutten som ble admiral, Stavanger 1944.
7. B. Sjeremetjev, Sverdet til admiral Cruys, Morskoj Sbornik (organ for den sovjetiske
marinen), nr 6/1989: 84.
8. lbid, nr 11/1990:30.
9. Stephen J. Lee, Peter the Great, London 1993.
10. Direktør Valentin G. Misjanov, Dokumenter om Cornelius Cruys i Det Russiske Statlige
Marinearkivet (utarbeidd av hovudarkivar T. Mazur), Admiral Cornelius Crays – St.
Petersburg, 9. desember 1994 – Stavanger, 16. februar 1995, Svein C. Sivertsen (red.),
Stavanger 1995:28.
11. Opplyst av Georg Lowenstern under Cruys-seminar i Felix Dsjersjinskij-akademiet i St.
Petersburg den 9. desember 1994.
12. Tamara Mazur, Cornelius Cruys' brev – Nye dokumenter til belysning av Cornelius Cruys'
biografi, føredrag i Stavanger den 14. juni 1995, norsk omsetjing av Reidar Kydland: 4.
Mazur viser til marinearkivets registernr: RGAVMF, F. 315, op. 1, d. 872, L. 55.
13. Ibid.
14. Sølvi Sogner, Ung i Europa – Norsk ungdom over Nordsjøen til Nederland i tidlig nytid,
Oslo 1994: 96.
15. T. Mazur, op. cit. Stavanger 1995 (S. C. Sivertsen (red.): 25.
16. Nikolaj Pavlenko, Peter den store (på russisk), Moskva 1994: 367.

17. L. Daae, op. cit: 423, T. Mazur, op. cit Stavanger 1995: 26.
18. Sjå artikkel om barndomen til Cruys i Stavanger av bibliotekar Erik S. Gundersen,
Admiral Cornelius Cruys' fødested, Ætt og heim, Stavanger 1950.
19. B. Sjeremetjev, op. cit: 83.
20. Nikolaj Uljanov og Natalja V. Lewitskaja, Petrischule Sankt Petersburg, St. Petersburg
1992: 7.
21. Henri Troyat, op. cit: 148.
22. T. Mazur, op. cit. Stavanger 1995: 26-27.
23. Føredrag på Cruys-seminar i Stavanger, februar 1995, Russland og Peter den stores
reformer (s. 3), publisert på russisk i St. Petersburg 1995 – utvida utgåve av op. cit. 1995,
redigert av Svein C. Sivertsen: 58.
24. Tordenskjold hadde ein bror som tente under Cruys i Russland: Henrik Wessel.
25. Sitert etter L. Daae, op. cit: 430. Daae legg til: «Dette var længe det eneste, som jeg selv
vidste om denne Landsmand». Daae viste til Levins utgåve av verka til Holberg, bd. IIl,
København 1856: 403.

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    *

    code

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.