Ocean Harbour

Ocean Harbour er ei lang bukt på nordkysten av Sør-Georgia 2,5 km vest-nordvest for Tijuca point. Det låg ein aktiv kvalstasjon her mellom 1909–1920
Namna New Fortune Bay og Neufortuna Bay, truleg etter den norsk-argentinske kvalbåten «Fortuna», som deltok under bygginga av den første permanente kvalstasjon i Grytviken i Sør-Georgia i 1904-05, vart nytta om denne bukta i 1922 av Filchner under Den tyske antarktisekspedisjonen, 1911-12. Etter ei kartlegging av øya i 1951-52, rapporterte South Georgia Survey at bukta lokalt vart kalla Ocean Harbour, eit namn som kjem frå Ocean Whaling Co, som på denne tida hadde ein stasjon her.
Historie
Gamle selkokingskjeler står framleis ved bukta og det same gjer vraket av «Bayard», ein 1300 tonn, 67 meter lang båt med jernskrog frå 1864. Ho låg fortøydd ved kjølestasjonen i 1911 då ho sleit seg under eit uvêr. Ocean Harbour var staden der reinsdyr først vart sett ut på Sør-Georgia av den norske kvalfangaren Carl Anton Larsen og broren hans i november 1911.
Det ligg ein liten gravplass ved Ocean Harbour med åtte graver. Ei av desse er den eldste kjende grava på øya – grava til Frank Cabrial (1820) frå selfangstskuta «Francer Allen». Merket på grava er borte, men somme av dei andre gravene er framleis merkte.

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    *

    code

    The maximum upload file size: 100 MB. You can upload: image, audio, video, document, archive. Links to YouTube, Facebook, Twitter and other services inserted in the comment text will be automatically embedded.

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.