Stokke Interessentskap for Hvalfangst.

Stokke Interessentskap for Hvalfangst.
MEDDELT AV ANDR. ELLEFSEN.
Efter forfatterens ønske er manuskript gjengitt uforandret.

Eg er fødd 1848 paa Sjersnes i Stokke, der far min var gardbrukar og hadde ellers vært
utanum og bygde sine eigne skip. Daa eg var 12 aar gamalt let han meg prøva sjøen;
eg var i nordsjøfart. I 1870 vart eg skiper paa eit av skipa hans.

Eg vart so eggja av far min og elste bror min, Ole,
til aa fara til Vadsøy aa sjaa paa kvalfangst. Det var sumaren
1880 Daa eg kom dit fekk eg lov av Commandør Foyn til
aa vera med den vesle kvalbaalen “Martha” ut par Varanger-
fjorden. Like utanfor Vatsøy raaka vi paa ein diger kult av
ein blaakval som fleire gonger kom upp fraa djupe like længe
millom kvar gong. Og med dei kraftige lungorne sine sende
han vassprøyt høgt i lufta. Det var aa sjaa til som 10—12ris etter kvarandre.

Stakkaran han visste ikkje kva menneskje var og kva
det gjalt. Daa vesle «Martha» var budd til batalje gjekk vi
beint paa og skaut; han fekk det so han døydde paa flekken.

Det var lite aa sja paa tykte eg; for eg hadde vente i
spaning paa eit hardt basketak. Daa vi kom inn til stationen
fekk eg atter lov aa vera med paa sjøen Ut med Ekerøy
saag vi kval; men so kom ulukka. Maskina slog seg vrang
og etter sju lange og sju breide fekk vi kara oss inn til stationen
att. Eg vaaga so ikkje aa be Foyn meir; men eg fekk snakka
lite grand med skulekameraten min, M. Bull, fosterson hans
Foyn som no er kvalfangar paa Island, og dermed takka eg
for meg. Eg tok so baatskyts over til Sydvaranger og fekk hjelp av lensmand Klerk til aa
maala eit stykke av statens grunn længst ute i Jarfjord. So saag eg paa Pasvik hamn som var
tilsalgs og Evensens kvalfabrik i Jarfjord.

Eg för so til Vatsøy. Der helsa eg paa Foyn og let han vet: kva eg hadde i tankar.
Daa eg kom heim, fann vi det rettast aa venta med aa gjere noko meir til Foyn kom attende
til Tunsberg. Daa han kom var far og eg hos han.

Vi fekk lov aa bruke hans patenterte fangstreidskap utan belaling og vilkaar. Stokke
sogns parthavarlag (interessentselskap) kom so istand med ein Jutmidel paa kr. 120,000.00. Hamnen
Pavik i Sydvaranger vart kjøpt og kvalfangarbaat ,Varanger” vart tinga paa Akers verkstad.
Dette var fyrste kvalbaaten vi fekk bygd. Han hadde utskore aapning millom bakstamnen,
kjøl og propelhylsa. Meiningi med dette var at baaten skulde verta snarp og venda. Denne
bygniugsmaaten hev sidan vore den vanlege paa dei fleste kvalbaatar.
Ei tid etter visste vi ikkje ord av fyrr vi fekk brev fraa Foyn. Han kravde at vi maatte
røma Varangerfjorden som fangstplass om vi vilde bruka hans reidskap. Far og eg var ljaa
han a’t; men han var ikkje til aa faa bøygd. Tor ikkje aa seinka arbeide, maatte vi bite i det
sure eple, og takke til.

Tidlig vaaren etter maatte eg fara nordetter aa faa plass so for det fyrste. Eg fekk kjøpt
plass paa Stegelneset i Vardøy. I april vart eit seglskip sendt nordetter med fabrikke og tunuor
og 6’0 mai dampa ,Varanger” ut fraa Vrængen. Ut for Nordkyn raaka kvalbaaten paa segl-
skipe og tok det med paa slæp inn paa Bussesundet ved Vardøy. Segiskuta hadde funne ein
daud blaakval paa vegen nordetter: av han hadde dei flaat tleire tunnor spek. ;
For aa faa gjera noko i land maatte vi fyrst sende meterdjupe snøskavlar tilsjøs. Tulta
vart lagd og fabrikken reist; so um ein maanads tid kunde vi koka olja av spekke.

Vi hadde held med oss tvo sumrar fraa Vardøy. Det einaste brigde i fangstmaaten var at
vi straks maatte slæpa kvalen med rumpa festa til baugen istaden for hovudet fyrr. Grunnen
til dette var at hovude kann liggja djupt i sjøen naar kvalen vert halt upp fra djupe og vil
soleis vera vond ua faa tak paa i større ‘sjø, og stor sjø var det ofte ut for Varangerfjorden.
Snart tok vi til aa slæpa kvalen ein 30—-40 famnar etter baaten. Til det brukte vi tauglinor
med kjætting um 1uinpa i hardt ruskever. Endaa kvalen ofta laag tungt og ferdug aa søkka
kunde vi gjera dette med maskinorne til ,Varanger, paa 30 hestekrefter. Eit lite brigde vart
og gjort med kanonlaase. Skote vart fyrr løyst ved aa rykkja i ei snor som var fest i avtrekkaren.
Men baade han og skjefte vart no forandra, so ein no heldt skjefte med baae hender og løyste
skote med peikefingeren som paa eit gjevær.

Hausten 82 flytta vi alt vi hadde paa Vardøy over til Pasvik. Foyns patent var no ute.
Fraa Pasvik fanga vi kval med godt resultat til og med 1891.

Eg trur det var fyrsta sumaren vi var i Pasvik at vi fekk høyra at M. Bull som daa var
kvalfangar paa Sørøen utfor Hamarfest brukte krupske tendskruver til aa fyra av kanona i staden
for vanleg hane, pistong og knallhetta. Kunde vi faa desse var mykje vunne skyna eg, for dei
gamle greidorne kunde so lett bli vaate og mykje kluss var det med aa la kanona. Fyrst maatte
vi med ein stokk med eit hol i eine enden føra ein portsjon fint krut inn i kanonløpe mens ein
mann letta høgt upp bakdeilen av kanona. So let ein bakdeilen fella ned mot gaffelen og støyta
kanona mot han til ein var so omtrent viss um at det fine krute var kome inn i pistongo gjenom
eit hol paa 3/16 tume som gjekk gjenom den 5 tumer tjukke kanorbotnen.

Men eg høyrde ogsaa at Bull til tendskruven brukte snor til aa draga friksjonstraaden ut
med. Det likte eg ikkje, for eg tykte det dermed ikkje kunde bli tendt so med ein gong som
eg kravde under baatens rølsla i sjøgang. Daa sæsongen var ute, og eg var heimkomen arbeide
eg sjølv ein laasmekanisme for krupske tendskruver. Han var aa draga av som fyrr. Han vart
arbeidt meir solid fraa fabrekkerne seinare og hev halde seg i bruk til no. M. Bull hev slutta aa
bruke dei krupske skruverne hev eg høyrt.

I 1884 kjøpte vi slæpebaaten ,Thor” — ein filling av ein baat som vi ikkje hadde stor
vinning av hverken det aaret eller aaret etter.

Hausten 85 tinga vi ein ny kvalbaat paa Akers verkstad. Vi bytte med ,Thor”. Den nye
baaten vart reint ein raring naar vi saag paa kunstruksjonen av botnen. Der var ingen kjøl og
heile skarpen under propelhylsa og noko langt framover var bortskore. Der var ikkje proppel-
stamn under hylsa, og rorstamnen gjekk berre ned til aksens centor umtrent.

Med slak rortalje vart denne skapning noko kinkiug aa styra. Ei lita soga skal eg faa
fortelja um dette. Kjenntmann Dinesen fraa Trondheim kom umbord um natta i Bergen. Han
skulde vera lös nordetter. Han tok roret fraa skiperen og skulde styre ut millom moloarne.
Ei lita stund gjekk det bra, men so visste skiperen som var gaat fraa han ikkje ord av fyrr
han skreik av full hals: ,Baaten gaar bent paa heia; han styrar jo ikkje.* Men ein lærde
no snart as greida han. Baaten var lettbygd og kunde venda paa si eiga lengd, so det var ein
kvant baat aa kasta seg paa kvalen med, Eg var sjølv skyttar heile tida vi var paa Finnmarks-
have med han.

I 87 heller 88 prøvde eg aa blaass luft i kvalen for aa faa han til aa flyta med det same
han vart dregen upp. Til det nytta eg ei % tums vassrøyr. I den eine enden paa ho feste
smeden ein spjotodd, og litt ovanfor hau vart bort fleire hol i røyra.

Paa den andre enden av røyre vart fest ein gummislange, og han vart set saman med
spylepumps, og ho let dei so suga luft istaden for vatn. So stakk dei spjotodden og røyra so
langt inn i kvalen at hola kom inn i buken, og so pumpa dei. Det gjekk bra; men det tok
noko lang tid for aa faa kvalen til aa flyta so godt som vi vilde. Og sidan det alt daa var ein
god deil mindre kval enn fyrr, fann eg ikkje noko større grunn til aa arbeida meir med denne
pumpa. Etter vi hadde brukt henne eit par gonger la vi ho burt.
I 87 heller 88 prøvde eg as blaasa luft i kvalen for aa faa han til aa flyta med det same
han vart dregen upp. Til det nytta eg ei “1 tums vassrøyr. I den eine enden paa ho feste
smeden ein spjotodd, og litt ovanfor han vart bort fleire hol i røyra.

Paa den andre enden av røyra vart fest ein gummislange, og han vart set saman med
spylepumpa, og ho let dei so suga luft istaden for vatn. So stakk dei spjotodden og røyra so
langt inn i kvalen at hola kom inn i buken, og so pumpa dei. Det gjekk bra; men det tok
poko lang tid for aa faa kvalen til aa flyta so godt som vi vilde. Og sidan det alt daa var ein
god deil mindre kval enn fyrr, fann eg ikkje noko større grunn til aa arbeida meir med denne
pumpa. Etter vi hadde brukt henne eit par gonger la vi ho burt.

Dei fyrste aara eg var paa Finmarka fanga vi kvalen helst rundt og nokso nær Vardøy.

– Seinare vart det mindre av han. Og i 1891 — siste aaret vi var der — rakk fang-tplassen
ein 5—6 mil forbi syvøyarne med russestranda og mot vest til Sørøya ut for Hamarfest. Det
var ei lengd paa 50 og 60 mil paa kvar sida Pasvik.

Vi vaaga ikkje aa leggja kval i land paa russekysten, og daa det saag ut til aa vera meir
kval lenger vest, flytte vi alt vi hadde i Pasvik til Risfjord ikkje langt fraa fiskeveret Gamvik
ved Nordkyn. Arbeide med dette var gjort um hausten etter sæsongen var ute.

Daa eg kom heim sa eg fraa meg styrarposten for drifta der nord. Skipsførar L. Andersen,
Skjønly paa Nøtterø fekk plassen etter meg.

Det gjekk framleides godt. Men i 1899 og 1900 var det nok so svære tap, og det førde
til at lage vart uppløyst. Baae baatarne og fabrikken vart selt til firma: Hans Ellefsen, Island.

Blaakvalen som der var mykje av fyrst i 80 aara der uppe kom meir og meir burt, so
det dei siste aara var eit sersyn aa raaka han. Knolkvalen vart og burte, so det berre vart
finkvalen ein mest fekk halda seg til. Seikval var det mykje av paa Østfinmarka i 1886;
men seinare vart det berre ein og onnor slenger av den og.

Helsa hjaa folka pas stasjonen var alle aar god. Det sasg ut til at den fæle gimmen (lugt)
hadde gangleg verkna paa mannskape. Det var tvo som var ute for stygge ulukkor.

I tankeløysa la smeden ein granat med klissvaatt krut paa essen for aa brenne han rein.
Det fata eld og brennande vaatt krut vart slengt like i syne paa han. Han fekk snart doktor-
hjelp; men endaa vart han blind pas baae augo. Ein mann fekk vrit eine armen or led i aksla
med ei sveiv, medan dei letta ein daud kval upp med sida i svær sjøgang. Paa Vardøy kunde
dei ikkje faa han bra att. Han vart difor sendt til Trondheim, og det er fortalt at han maatte
lida mykje, fyrr han vart so bra at han kunde arbeida.

Daa eg slutta paa Finmarka hausten 91 gjorde eg samlag med bror min, Hans Ellefsen,
Ønundarfjord, Island, i hans kvaldrift der. Vi gjorde samlag for tre aar paa det vilkaar at der
skulde verta kjøpt 2 nye baator til dei tre han hadde fyrr og guanofabrik.

Fangstbaaten ,Mosvalla” vart tinga paa Kristianssands mek. verkstad, og han vart teken i

– bruk 92. Den andre baaten ,Ingolfr* vart bygd paa Akers verkstad; men den vart ikkje ferdug
fyrr aaret etter.

Sumaren 1894 vitja eg M. Bull paa kvalstasjonen hans i Isafjord for aa sjaa paa ei ny gugn
(apparat) som han brukte aa tenda harpungranaten med. Eg fekk av han nokre friksjonsrøyr, som han
bruka til dette. Men etter som eg høyrde, virka ikkje gogna so sikkert, som ein kunde ynskja.
Difor prøvde eg ho ikkje, enddaa ho vart mindre faarleg enn Foyns gogn, som til no var brukt
av alle kvalfangarar.

Same sumaren fann eg paa aa laga friksjonsrøyra um til ei samfellt friksjons- og tidsbrands-
røyr for tending av harpungranaten. Det brann daa i ein 3-—4 sekund fyrr granaten sprang.
Berre ved aa bora litt i harpunen fekk ho det brigde som skulde til.
Daa sæsongen var ute hadde alle skyttarar øving i aa arbeida gogna.

Ho hev vore brukt seinare og; men hev daa vore laga meir traust. I dei siste aara er
det arbeit ei noko liknande; men der vert tidssatsen tendt pas ein annan maate. Det er alt
nemt at det kunde vera faare med aa bruka Foyns tendgogn. Ho var laga av ei glasrøyr som
var paa lag 25 mm. lang og 4—5 mm. tjukk. Ho vart fyllt med svovlsyra og tetta i base
ender. Ho vart lagd inn i ei onnor røyr av gummi og kring ho vart stoppa eit pulver av ekte
sinober, klorsurt kali og litt kolstøv. Gummirøyra vart dregi inn i ei blikrøyr og baae deiler
fest til ein mitalskruve. Dette vart lagd millom tvo klør i harpun. Naar lina vart stramma
til, sprikte klørne ut i kvalen. Glasrøyra vart knust, og syra tende pulvere og grauaten vart sprengd.

Men det hende at granaten vart sprengd med det same han var skoten ut.

Dette kunde koma av at glasrøyra sprang eller av at pulveret av friksjonen tende seg sjølv.
Til andre tider sprang granaten ikkje. Det kom som oftast av at den eina kloa fekk tak under
eit bein, so den andre ikkje kom til aa sprikja ut nok. Ein liten feil fraa smeden kunne og
vera grunnen.

. Kor faarleg ei slik gogn var, syner denne soga: Harpun og ein granat som ikkje sprang
vart tekne ut av kvalen paa flenseplanen i Pasvik. Mannskape heldt middag. Daa dei skulde
gaa pas arbeide att, sprang granaten; men heldigvis var ikkje nogon kome paa staden. Slikt
kunde ein ikkje vera trygg for. Det kom visst av at glasrøyra sprakk so lite at svovlsyra hadde
vondt for aa siva ut, so det tok ei tid fyrr pulvere vart tendt.

Den tid eg var paa Island, prøvde eg aa bruka staaltog istaden for hampetog til fangstline. Og
hadde eg sjølv seinare vorte meir med paa kvalveiding, so vilde eg visseleg ha kome til aa bruka
staaltog, for med det raaka ein betre, og drifta av harpuna var og sikrare. Dei vilde og kosta
mindre. Og dertil kom at staaltog held seg lenger mot aa rotna enn hampetog.

Til bruk under letning av daud kval i sjøgang hadde Foyn laga ei greida upp i riggen.
Det var ei gummistroppa, som dei hengde ei kasteblok uppi. I ho la dei lina.
Gummistroppa vilde daa giva etter aa døyva kvar rykk som kom. Men i kaldt veir og helst
um vaaren var desse stropporne eller gummipylsor, som vi kalla dei, ikkje vidare sterke, og so
kosta dei mykje. Eg trur, at M. Bull alt i mi tid paa Island tok til aa bruka pufferfjører eller
slike, som ein ser paa jarnvegsvogner. Eg fekk den idé at eit lodd kunde døyva best, Eg vog
og fann den tyngda som skulde til for aa draga gummistroppa ein gong til so lang som ho var.
Det var paa lag ein 1500 kg. £Et so tungt lod kosta vi oss og brukte det fleire gonger. Det
var brukbart; men det kunde og vera vaagsemt aa bruka det Dersom kvallina gjekk av eller
loddet av annan grunn datt ned fraa slik høgd, vilde det kunne knuse botnen paa skipe. Det
var difor lagt tilsides.

Etter aa ha raadlagt med Sommerfeldt — styraren for Nylands verkstad — fekk eg i 1902
loddet umbord i kvaldampen ,Humber*.,

Daa var det laga umtrent som ein elevator, so det kunde ikkje detta ned um noko sprang
naar ein heise upp kvalen. Men loddet kom ikkje noko vidare i bruk.

Sommerfeldt laga ei tid etter ei onnor gogn. Det var pufferfjører samanfellt med ei ovnor
greida, som eg ikkje her magtar aa greida ut um. Men den døyvaren held eg for den beste
av alle som hev halde seg i bruk til denne tid.

Sidan 1894 hev eg vore heime paa garden min, so nær som at eg sumaren 1902 tok ei
ferd med kvalbaaten , Humber” til New Foundland, og der var eg med son min ute aa fanga 84
kvalar paa 6 vekor. Og so var eg med utfraa Blomøya ved Bergen i sumar og fanga fyrste
kvalen til stasjonen der, som son min, Georg Ellefsen, er upphavsmann til.

Fra bokenHvalfangsten: dens historie og mænd.

All farge foto: Per Angell Hansen

 

 

  1. Denne plassen ligger helt ut mot det åpne hav, men stasjonen, som lå på den hvite stranden, lå fint i le for storhavet.
    PÅ bildet i midten øverst, ser en at det var bygget en kai ved stasjonen. Det var god dybde utenfor kaien, og det sies at det helt fram til 1970 tallet var mye hvalbein å finne der.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

code

The maximum upload file size: 200 MB. You can upload: image, audio, video, document, archive. Links to YouTube, Facebook, Twitter and other services inserted in the comment text will be automatically embedded. Drop file here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.